Tenester

Proxima Hydrotech er tenesteleverandør over heile spekteret innan drift og vedlikehald. Våre tilsette har solid kompetanse og driftar i dag over 60 kraftverk. I tillegg har me serviceavtale med omlag 200 anlegg kor me sørger for tilstandskontroll og anna nødvendig vedlikehald . Kraftverka er lokalisert i store deler at Noreg, noko som gjer oss særs konkurransedyktige på reisekostnadar.

Effektiv drift og overvaking

Me tilbyr døgnbemanna vakt og beredskapsavtalar for å sikre kontinuerleg oppetid på ditt kraftverk. 

I samband med drift av kraftverk har me system for kontroll og overvaking, samt system som sikrar sikker logging av lovpålagt data. Driftsdata på anlegg kan være særs verdifullt i samband med verdisetjing av ditt kraftverk.

Me tilbyr også tilsynsvakt og driftsleiartenester.

Kostnadsbesparande tilstandskontroll og vedlikehald

Hjå oss kan du få serviceavtaler kor årleg kontroll av elektromekanisk utstyr inngår. Me kan også utføre kontroll av generator i samsvar med krav frå forsikringsselskap.

Me har vedlikehaldssystem som sikrar at  pålagd og verdifull dokumentasjon vert ivaretatt. Denne dokumentasjonen kan vera med å auke verdien på ditt kraftverk.

Innan førebyggjande og korrigerande vedlikehald tilby me mellom anna:

  • Oljeanalyse
  • Skift av olje og oljefilter
  • Reins av generator
  • Kameraløysingar
  • Filterløysingar/ventilasjon til maskinsal
  • Røyrinspeksjon
  • Nettverksløysingar
  • HMS-krav for stasjonar og inntak
  • Oppgraderingsløysingar
  • Utstyrslager