HydroScada
HydroScada er Proxima Hydrotech sitt egneutvikla driftsystem. Systemet er basert på iFix software som er eit General Electric Digital (GE) produkt. Systemet er spesialutvikla for vannkraftverk og byggjer på mange års kompetanse på drift av småkraftverk.
HydroScada kan enkelt knyttast opp mot dei aller fleste typar kontrollsystem.
Systemet er bygd opp slik at driftspersonell raskt skal få oversikten over status på alle anlegg dei driftar. Vidare er det enkelt for brukaren å zoome seg inn på det kraftverket ein treng meir informasjon om eller ein ynskjer å styre. Tilgang til alarmliste og driftslogg er aldri lenger vekke ein eit tastetrykk.
Systemet kan nyttas både på PC, nettbrett og mobil. Dette gjer systemet særs egna til bruk både i driftssentral og for vaktpersonell som er ute på farten.
Ynsker du å logge ein eller fleire verdiar er dette enkelt å sette opp i eit eige popup-vindauge.
Alle data, både lovpålagte og andre, vert enkelt logga og lagra i ein SQL database til evig tid. Uthenting av data i samband med revisjonar har aldri vore enklare enn etter HydroScada kom på marknaden.
Direktetilgang til kamera kan enkelt setjast opp og vil være særs effektivt for driftsoperatøren å ha tilgjengeleg. Ein kan også enkelt knytte opp stasjonen mot vedlikehaldsystem, noko som gjer at feilsøking og planlegging av eventuelle utbetringar blir ein enkelt og effektiv sak.
IDUS Vedlikehald
Me tilbyr vedlikehaldsystem som er basert på IDUS. Her kan du styre alt av planlagde og ikkje planlagd vedlikehald, samt dokumentere alle lovpålagte tilsyn. Du kan også lagre alt du har av leverandørdokumentasjon på ditt kraftverk her, noko som gjer arbeidet meir effektivt for dei som skal føre tilsyn og vedlikehald. Med dritfs- og vedlikehaldsystem frå oss vil du ha kontroll på det meste!
HydroHub
Er du eigarsida av eit kraftverk kan du ha stor glede av produktet vårt HydroHub. Her får du ein rask oversikt over statusen på drifta til kraftverket ditt, kor mykje det produserer, vannstand og kva innteninga har vore i valde periodar. Du får også tilgang til driftsmeldingar som gjelder for det aktuelle kraftverket. Her kan du som eigar har full kontroll om kraftverket er i optimal drift.
Ynskjer du å høyre meir om våre løysingar rundt drift av kraftverk, ikkje nøl med å ta kontakt med oss. Kontaktinformasjon finner du her.